NOF med ny heimesideplattform – Overgangssituasjon for kretssidene

Som konsekvens av at NOF i dag er over på ny heimesideplattform, er fleirtalet av kretssidene delvis nede.

Dette som ei forklaring m.a. til dei som no ikkje lenger får gamle lenker til kretssidene til å virke.

Det jobbast i ein ad-hoc-komité med å fylle dei nye kretssidene med innhald flytta frå dei gamle sidene, men førebels er kun noko av dette gamle innhaldet flytta over til dei nye sidene.

Du vil kunne finne «di» nye kretsside tilhøyrande www.orientering.no i nedtrekksmenyen under «Finn din krets», men ver obs på at sida førebels er relativt «treig».

Mange klubbsider og andre sider har tidlegare brukt lenker til kretssidene på formatet (med Hordaland som døme): http://www.orientering.no/krets/hordaland/Sider/default.aspx.

Dei nye «direkteadressene» til kretssidene er no på dette formatet (fortsatt med Hordaland som døme): http://www.orientering.no/kretser/hordaland/, altså med «kretser» i staden for «krets», og utan «/Sider/default.aspx» til slutt.

I Hordaland sender vi ut oppfordringar til alle om å oppdatere lenker frå klubbsider osv, og for andre kretsar som no er i same situasjonen som Hordaland, vil eg tru at det same gjeld, men i ei overgangsperiode har altså dei nye kretssidene mellombelse manglar i innhaldet i forhold til tidlegare.

For dei kretsane som har vore på ein annan plattform enn under www.orientering.no, er det førebels ingen endringar.

Eg som skriv dette er webredaktør i Hordaland Orienteringskrets, og skriv dette fordi eg veit at det allereie er fleire som lurar på kvifor dei ikkje kjem fram til si «gamle» kretsside, og det er altså ikkje berre i Hordaland denne gamle sida no ikkje lenger er å finne der ho var tidlegare.

En tanke om “NOF med ny heimesideplattform – Overgangssituasjon for kretssidene

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.